HeimKampanjerØnskjer du å heve din digitale kompetanse?

Ønskjer du å heve din digitale kompetanse?

Vaksdal kommune vil tilby deg som er innbyggjar i kommunen ein moglegheit til å heve din digitale kompetanse. For å klare seg sjølv i Norge i 2021 treng vi å bruke digitale verktøy. Vi veit at mange treng hjelp til dette. Kommunen ønskjer no å etablere eit tilbod som treff innbyggjarane sine behov for å løyse digitale utfordringar i det daglege. 

I den samanheng ønskjer vi å finne ut meir om kva du treng og kva du ønskjer.  

Vi er takksame for alle svar vi får. Det vil gje oss eit betre grunnlag for tilbodet vi skal utvikle. 

Premiar🎁

Alle som svarar på skjema innan fristen og fyller ut kontaktinformasjon på siste side er med i trekninga av smarttelefon eller nettbrett. Det trekkast to heldige vinnarar som blir kontakta på telefon.  

Ferdig utfylt skjema kan leverast til: 

  • Innbyggjarservice i Heradshuset  

  • Biblioteket på Dale eller Vaksdal 

  • Joker på Stamnes 

  • E-post: info@vaksdal.kommune.no 


Sist oppdatert: 27.04.2021
Publisert: 13.04.2021