HjemNyheiterAktivitetar for vaksne startar opp igjen i veke 42

Aktivitetar for vaksne startar opp igjen i veke 42

  • Vaksne får treningstidar for hallidretter
  • Kor og korps får øve i kommunale lokale
Planar for dette blir laga i samarbeid mellom kommunen, idrettsrådet og musikkrådet.
Meir informasjon vil komme direkte til organisasjonane.
Takk for tolmodet og lykke til med trening og øving.

Vi vurderer fortløpande saman med Idrettsrådet kva aktivitetar vi kan opne opp for.

Idrettsrådet har no fått inn ønske om treningstider frå idrettslaga om bruk av lokalar på kveldstid.

Plan for treningstider kjem på plass og blir sendt ut til idrettslaga i løpet av neste veke. Oppstart for trening blir måndag 12. oktober.

Vaksdal kommune har ingen reine idrettshallar og fleire av hallene, blant anna Turbinen, er skulelokale på dagtid. Krav til reinhald knytt til smittevernreglar påverkar bruk av lokala på kveldstid og dette må vi ta omsyn til i all planlegging.

Vi ønskjer å leggje til rette for trening så godt som mogeleg, og vil opne opp etter kvart som vi har mogelegheit til dette. Vi vil ha ein evaluering av denne første opningsveka måndag 19. oktober, og vil komme tilbake med meir informasjon etter dette. Då vil vi òg vurdere opning av styrkerommet.


Sist oppdatert: 23.08.2023
Publisert: 01.10.2020