HjemNyheiter«Allemed» er i gong i Vaksdal

«Allemed» er i gong i Vaksdal

Vaksdal kommune har inngått ein samarbeidsavtale for 2021-22 med Allemed. Etter den innleiande dugnaden vil vi ta prosjektet vidare lokalt.

Vaksdal kommune ønskjer med Allemed å sjå på lokale forhold i kommunen, Vi vil knyte nærmare band til lag og organisasjonar, for at vi alle i lag skal vere pådrivarar for at kommunen fortsett å vere ein god plass å bu og vekse opp.

Idédugnad

20.oktober arrangerer vi ein idédugnad med innbyggjarar frå mange ulike grupperingar; musikkråd, idrettsråd, ungdomsråd, politikarar, næringsliv og kommunalt tilsette.

Målet med samlinga er at vi skal få på plass to til tre konkrete tiltak som vi kan følgje opp framover.

Vi gler oss til å gjennomføre Allemed-dugnaden, og er spente på å sjå kva resultata blir. Vi håper at vi får gode råd å jobbe vidare med slik ting blir enda betre i framtida.

Trykk her for å lese meir om «allemed» satsinga.

Trykk her for å sjå «allemed»-videoen.


Sist oppdatert: 23.08.2023
Publisert: 15.10.2021