Bergsdalsfjella mogleg del av ny nasjonalpark

Arbeidet handlar om å gjere naudsynt førearbeid før eventuell oppstart av verneprosessen. Prosessen er i startfasen, og det vert lagt opp til nært samarbeid med kommunen, grunneigarar og andre interessegrupper framover. 

Det moglege området i Bergsdalen vil for det meste gjelde fjellareal, og ikkje vern av skog.

Det er so langt ikkje teke stilling til utgreiingsområde eller framlegg til vernegrense.

Vidare utgreiing for vern, med mogleg oppstart av verneprosess, er avhengig av lokal aksept. Om dette vert gjeve, vil Statsforvaltaren starte med kunnskapsinnhenting om naturkvalitetar, brukarinteresser og aktuelle konsekvensar av eit vern.


Statsforvaltaren har oppretta ei nettside om verneprosessen, der informasjon om utviklinga vil bli lagt ut etterkvart. 

Trykk her for å komme til nettsida.


Sist oppdatert: 13.05.2022
Publisert: 13.05.2022