HjemNyheiterBli med i namnekonkurranse

Bli med i namnekonkurranse

Ei dagsturhytte er eit flott tilbod til turgåarar. Hytta er ein stad du kan ete matpakka di, få litt varme i deg og kose deg med å bla litt i bøker. Alle kommunane i tidlegare Sogn og Fjordane har fått kvar si dagsturhytte på ca 15m2. No er det «gamle» Hordaland sin tur, og i november får vi vår eigen dagsturhytte i Vaksdal kommune.
Hytta vil du finne på Stanghelle, flott plassert ute ved fyret på Tettaneset.

Vil du vere med å finne namn på hytta vår, send inn forslag innan 17. september til post@vaksdal.kommune.no. Beste forslag vert premiert.    


Sist oppdatert: 23.08.2023
Publisert: 03.09.2020