Brøyting og snørydding
Ved stadig snøfall og store snømengder, vil det ta tid før alle vegar og fortau/gangvegar vert rydda.
På Dale hoper det seg opp mykje snø i sentrum som må køyrast bort med lastebil for å ivareta trafikksikringa i sentrumsgatene.
Parkerte bilar langs vegar og på offentlege parkeringsplassar gjer at brøytemannskapa må brøyte i fleire omgangar.
Der det er mogeleg vil brøytemannskapa fordele snøen så godt som mogeleg vekk frå private avkøyrslar. Mange stadar vil grunneigarar måtte rekne med å sjølv fjerne brøytekantar mot sin avkøyrsel.
Sist oppdatert:
07.02.2022
Publisert:
07.02.2022