Byggestart for veg- og jernbaneprosjektet mellom Arna og Stanghelle i 2025
I dag, 11. september 2024, kunngjorde finansminister Vedum og samferdselsminister Nygård byggestart for veg- og jernbaneprosjektet mellom Arna og Stanghelle i 2025.
Publisert:
11.09.2024
Sist endra:
11.09.2024
Fellesprosjektet Arna-Stanghelle er eit rassikringsprosjekt som vil sikre trygg ferdsle på veg og bane og samstundes korte ned reisetida.
Prosjektet reknar byggetida til mellom 12 og 14 år. Med byggestart i 2025 betyr det ferdigstilling ein gong mellom 2037 og 2039.
Prosjektet, på rundt 40 milliardar, består av 30 kilometer veg og bane.
Ordførar Hege Eide Vik er godt fornøgd med bodskapen frå ministrane.
- Denne bodskapen er viktig for innbyggjarane i Vaksdal og for alle reisande og næringsdrivande i regionen. Prosjektet får no dei naudsynte vedtaka og løyvingane til oppstart slik at me er trygge på at prosjektet endeleg skal realiserast.