HjemNyheiterCovid-19 næringsstøtte i Vaksdal kommune – søknadsfrist 1. september 2020

Covid-19 næringsstøtte i Vaksdal kommune – søknadsfrist 1. september 2020

Kven kan søkje om støtte?

Bedrifter, etablerarar og andre næringsaktørar som er registrert i Vaksdal kommune.

Kva kan du søkje om?

Du kan søkje om støtte til næringsretta tiltak som kommunen meiner er viktig for å motverke negative verknader av koronavirusutbrotet. Det blir lagt vekt på betydningen for arbeidsplassar, verdiskaping og økonomisk aktivitet.

Korleis søkje støtte?

Du finn meir informasjon og søknadsskjema på regionalforvaltning.no under utlysinga frå Kommunalt næringsfond - Vaksdal kommune.

Trykk her for å komme til søknadsskjema og meir informasjon.

Korleis blir søknaden vurdert?

Søknaden blir vurdert i forhold til:

  1. I kor stor grad tiltaket fremmar auka aktivitet, sysselsettjing og verdiskaping basert på lokale utfordringar
  2. I kor stor grad tiltaka vil motverke negative virkningar av covid-19-utbrotet
  3. Kor raskt tiltaket kan setjast i gong

Bakgrunn

Covid 19-utbrotet har gitt store utfordringar for næringslivet i mange kommunar. Regjeringa foreslo i krisepakke fase 3 for 2020, å setje av pengar til kommunale næringsfond. Saka blei endelig behandla og vedtatt av Stortinget. Vestland fylkeskommune har fått tildelt kr 75,3 millioner til uavkorta fordeling til kommunane. Vaksdal kommune fått kr 1.173.233 til fordeling lokalt.


Sist oppdatert: 23.08.2023
Publisert: 11.08.2020