HeimNyheiterCovid19 - Tiltak og tilrådingar

Covid19 - Tiltak og tilrådingar

Bergen har innført eigne korona-tiltak for å handtere smitteutbrotet i kommunen. Tiltaka gjeld frå 29. oktober til 26. november.

Alver, Askøy, Bjørnafjorden, Osterøy, Samnanger, Vaksdal og Øygarden har tett kontakt med Bergen, både gjennom pendling, handel, kulturarrangement og sosiale aktivitetar.

For å avgrense smittespreiing vil kommunane etter råd frå Folkehelseinstituttet (FHI), tilrå nokre av dei same smitteverntiltaka som Bergen. 

Desse nye tilrådingane gjeld frå 29. oktober til 26. november 2020. Dei nasjonale smittvernråda gjeld òg.

Dei nye smitteverntiltaka er:

  • Ikkje fleire enn fem gjester heime, i tillegg til dei du bur med. Dette er i samsvar med dei nasjonale råda.
  • Maksimalt 50 deltakarar på offentlege arrangement utan fast sitjeplass. For arrangement med faste sitjeplassar gjeld framleis grensa på 200 personar. 

I tillegg til nasjonale råd tilrår Alver, Askøy, Bjørnafjorden, Osterøy, Samnanger, Vaksdal og Øygarden:

  • Serveringsstader som serverer alkohol, slepp ikkje inn gjester og serverer ikkje brennevin etter klokka 24. 
  • Serveringsstader har system for registrering av gjester. 
  • Lyden på utestader og serveringsstader skal vere på eit slikt nivå at gjester kan halde ein samtale med 1 meters avstand.
  • Heimekontor for innbyggarar som er avhengige av kollektivtransport, der det er praktisk mogleg og hensiktsmessig.
  • Bruk munnbind på kollektivtransport til og frå Bergen dersom du ikkje kan halde 1 meters avstand. 

Vaksdal kommune vil også innføre:

  • Registrering av besøkande 

Det blir ingen endring i besøk på institusjonane våre.

Kultur og idrett held fram som no, men det blir ikkje opna for fleire aktivitetar dei neste 4 vekene.

Vi har no ein koronapositiv innbyggar. Personen er i isolasjon og det er ingen smitterisiko.

Vi minner og om at vi alle må bidra der vi kan, og overhalde smittevernreglane:

  • Halde avstand
  • Vaske hender
  • Vere heime om du er sjuk
  • Kan du ikkje halde avstand innandørs anbefaler vi deg å bruke munnbind

Skal du til Bergen kommune, må du følgje Bergen sine påbod. Dette gjeld mellom anna bruk av munnbind innandørs på offentleg stad og på kollektivtransport der du ikkje kan halde 1 meters avstand. Les meir på Bergen kommune sine nettsider.


Sist oppdatert: 28.10.2020
Publisert: 28.10.2020