HjemNyheiterDalebadet opnar igjen

Dalebadet opnar igjen

Dalebadet opnar igjen
No er nye badevaktar på plass, 28. august opnar bassenget på Dale.
Publisert: 24.08.2023
Sist endra: 24.08.2023

Bilde av dei nye badevaktene på Dalebadet

Dalebadet har vore stengd i ferien. No er nye badevaktar godt i gang med opplæring og dei er klare til opning måndag 28. august. Då kan publikum igjen nytte seg av bassenget. Dalebadet har ope for publikum tre dagar i veka, måndag, onsdag og fredag, alle dagar mellom kl. 17.00 og 20.30. 

Nye badevaktar

Aaron (38)

Aaron kjem frå Australia, der har han budd saman med kjærast frå Vaksdal dei siste åra.  No har han bytta ut sandstrender og surfebrett med fjell og snowboard og flytta til Vaksdal.

Aleksandra (20) 

Aleksandra kjem frå Vaksdal og er veteranen i gruppa, ho har vore badevakt ved Dalebadet tidlegare. Ho tykkjer det passar utmerket å kombinere med vernepleiestudia ho tar på deltid.

Yevgen (40)

Yevgen kjem frå dei okkuperte områda i Ukraina og har vore i Vaksdal sidan februar i år. Han er oppvokst rett ved Svartehavet og er ein dyktig symjar.

Trond Olav Magnussen er avdelingsleiar Kultur og inkludering 

Eg syns det er veldig kjekt at vi har fått tak i desse folka til å jobbe i bassenget.For nokon er det første jobben i Noreg, dei får moglegheit til å kome seg ut i arbeidslivet, og det er veldig kjekt. Eg håper folk i kommunen tar godt imot dei.