HeimNyheiterDesse tiltaka blir gjennomført i Vaksdal kommune frå laurdag 7. november

Desse tiltaka blir gjennomført i Vaksdal kommune frå laurdag 7. november

Tiltaka vil gjelde frå laurdag 7. november til og med måndag 23. november.

Tal på kor mange personar som kan samlast

  • Talet som kan delta på private samlingar i heimen, blir redusert frå 10 til 5 personar, inklusiv dei som bur i husstanden. Unntak for familiar som bur fleire saman enn fem. Unntak òg for kohortar for barn i barnehage og barneskule. I tillegg skal ein føre gjestelister på lik linje med offentlege arrangørar.  
  • Arrangement på offentleg stad skal ha faste sitteplassar og det er ikkje lov med fleire enn 20 deltakarar til stades. Tilsette kjem i tillegg til talet på deltakarar. Dette gjeld både private og offentlege arrangement på offentleg stad. Gravferd er unntatt denne regelen. Der kan ein vere inntil 50 personar. Arrangement utan fast sitteplass blir forbodne.  

Reduserte aktivitetstilbod 

  • Breiddeidrett og amatørkultur for vaksne over 20 år blir forbode.  
  • Treningssenter, idrettshallar, symjehallar og lokale for tilsvarande aktivitetar skal halde stengt. Bestemminga for idrettshallar og symjehallar gjeld ikkje for organisert trening for barn og unge eller undervisning til barn og unge under 20 år. Bestemminga omfattar heller ikkje individuell fysikalsk trening i samband med behandling. 
  • Trening for barn og ungdom under 20 år kan gjennomførast, men arrangement som kamp, cup, turnering og liknande er ikkje tillate.  
  • Bibliotek stenger for aktivitetar og opphald, men utlån og innlevering vil vere mogleg.   

Handling på butikkar og kjøpesenter

  • Butikkar, kjøpesenter og liknande må syte for at det ikkje er fleire til stades i lokalet enn at det er mogleg å halde 2 meter avstand. Tillate tal på kundar i lokalet blir rekna ut frå storleiken på lokalet. Det skal om nødvendig vere vakthald som syter for at kravet blir følgt. 

Krav til munnbind

  • Krav om bruk av munnbind/ansiktsmaske på kollektivtrafikk og innandørs på offentleg stad (butikkar kjøpesenter osb.), der 1 meter avstand ikkje kan overhaldast. I tillegg vil det bli påbode med munnbind både for sjåfør og passasjerar i taxi.  

  • På skjenkestader, restaurantar, kafear, kantiner og andre serveringsstader, skal munnbind brukast når ein beveger seg i lokalet og avstandskravet på 1 meter ikkje kan overhaldast. 

Serveringsstader

  • skjenkestader, restaurantar, kafear, kantiner og andre serveringsstader der gjester skal innta mat eller drikke på staden, skal det bli lagt til rette for at gjester kan etterleve smittevernråd. Det skal vere minst 1 meter mellom gjester som ikkje er frå same husstand og det skal vere lett tilgjengeleg handdesinfeksjonsmiddel i lokalet. 
  • Skjenkestader, restaurantar, kafear og kantiner skal krevje at gjester legitimerer seg. Gjester som ikkje legitimerer seg, skal avvisast. 

  • Skjenkestader, restaurantar, kafear, kantiner og andre serveringsstader, skal føre liste over gjester. Lista skal oppbevarast i 10 dagar. Namn og telefonnummer, tidspunkt og dato for besøket skal registrerast. Gjester skal få informasjon om at slik registrering skjer. 

  • Dersom smittevernlegen ber om det, skal liste over gjester oversendast i tekstformat, anten i Excel, Word eller anna tekstprogram. 

  • På skjenkestader, restaurantar, kafear, kantiner og andre serveringsstader, skal munnbind brukast når ein beveger seg i lokalet og avstandskravet på 1 meter ikkje kan overhaldast. 

  • Skjenkestader, restaurantar, kafear, kantiner og andre serveringsstader skal stenge seinast kl. 22, og skjenking stoppar frå kl. 21.30. 

  • Bestemminga gjeld ikkje takeaway. 

Heimekontor og skular

  • Heimekontor for alle som kan ha heimekontor. Dette må avklarast nærare med arbeidsgjevar.
  • Raudt nivå på vidaregåande skular.

Besøksrestriksjonar på sjukeheimar og andre helseinstitusjonar

I Vaksdal er besøk no begrensa til ein person (den same personen) opp til to gangar i veka.
Bebuarar kan då motta noko besøk, men vi tilrår pårørande om å ikkje besøke institusjonane dei neste to vekene.

- Ver saman med så få som mogleg dei neste to vekene

Dette er tøffe tiltak som grip inn i kvardagen og i heimen vår. Desse tiltaka gjer vi fordi smittetrykket er høgt i regionen vår, og Bergen kommune melder om stadig fleire smittetilfelle utan kjent smitteveg seier ordførar Hege Eide Vik.

- Vi har og fått meir smitte i vår kommune. No må me handle, innføre strenge tiltak, og så håpar og trur me at dette vil vere tilstrekkeleg for å hindre større smittespreiing i Vaksdal kommune og i regionen vår.
Tiltaka gjer me no, som i vår, for å skjerme dei eldre, sårbare grupper, og for å ikkje auke presset på helsevesenet vårt.

Eg vil rette ei stor takk til alle tilsette og alle innbyggjarar som lojalt føl opp tilrådingar og pålegg. Dette er tøft, men me skal klare det saman avsluttar ordføraren.

------------------------------------------------------------------------------------------------------------
Politisk og administrativ leiing i Bergen, Alver, Askøy, Bjørnafjorden, Osterøy, Samnanger, Vaksdal og Øygarden kommunar har samarbeida tett for å innføre målretta, tydelege og like tiltak i heile regionen.

Tiltaka vil bli forskriftsfesta med heimel i lov av 5. august 1994 nr. 55 om vern mot smittsomme sykdommer § 4-1 (smittevernlova). Forskrifta blir ferdigstilt i løpet av kvelden (fredag 6. november). Ho vil gjelde frå laurdag 7. november. I første omgang vil forskrifta gjelde til måndag 23. november. 


Sist oppdatert: 06.11.2020
Publisert: 06.11.2020