HjemNyheiterDet ekstraordinære forbodet mot bruk av eld utandørs blir oppheva frå fredag 23. juni

Det ekstraordinære forbodet mot bruk av eld utandørs blir oppheva frå fredag 23. juni

På bakgrunn av redusert brannfare i terrenget, blir det ekstraordinære forbodet mot bruk av eld utandørs i Bergen, Osterøy, Vaksdal og Samnanger kommunar oppheva.
Publisert: 22.06.2023
Sist endra: 23.08.2023

Opphevinga tre i kraft fredag 23. juni.

Det betyr at det frå fredag 23. juni kl. 12.00 igjen er lov å tenne eld eller grille på tilrettelagde bål- og grillplassar. Det er óg lov i offentleg tilgjengelege parkar og friluftsområde, samt på tilrettelagde badeplassar, der ikkje andre reglar gjeld. Det er også lov å tenne sankthansbål.  

- Vi fråråder likevel likevel på det sterkaste å brenne bål eller grille dersom ein ikkje kan garantere for branntryggleiken, seier brannsjef Janicke Larsen.

Regnet har dempa brannfaren

Nedbørsmengda som ha kome siste døgn har dempa brannfaren i dei øvre laga i terrenget. Lenger nede i jordsmonnet er det likevel tørt, viser informasjonen frå meteorologisk institutt. Ifølgje vêrmeldinga vil det igjen kunne bli gult farevarsel i våre kommunar, men dette er ikkje nok til å oppretthalde eit ekstraordinært forbod. I neste veke er det varsla meir nedbør.

- Vi gjer merksam på at det likevel kan vere store variasjonar internt i kommunane. Nokre stader kan det ha kome lite regn, som gjer at terrenget tørkar fortere opp. Det er derfor viktig å ta omsyn til lokale forhold, seier brannsjefen.

Lov med sankthansbål

No kan du tenne sankthansbål så lenge det er i god avstand til bygningar, skogsområde, vegetasjon og anna brennbart materiale.

Følg desse råda for trygg bålbrenning på sankthans:

  • Ta omsyn til brannfare og vindforhold
  • Dersom du ikkje eig grunnen sjølv, hugs å skaffe løyve frå grunneigar til å brenne bål
  • Det er alltid den som brennar bål som har ansvar for branntryggleiken
  • Bålet må vere i god avstand frå bygningar og vegetasjon
  • Ikkje tenn eld på svaberg eller bart fjell, då dette gir varige skader på berget
  • Bålet skal byggjast av reine treprodukt. Det er forbode å brenne plast, bygningsmateriale og bos
  • Bålet må ikkje vere større enn at du har kontroll på det, og kan sløkkje det ved behov
  • Sørg for at barn held god avstand til bålet
  • Ikkje bruk bensin eller liknande til opptenning
  • Ha rikeleg med sløkkjevatn lett tilgjengeleg
  • Ein edru, ansvarlege voksar skal sørgje for at bålet blir sløkt helt før dykk forlèt staden

Det generelle bålforbodet gjeld framleis

Framleis gjeld det generelle bålforbodet i eller i nærleiken skog og anna utmark. Det inneber bruk av alle typar grillar, stormkjøkken, bål, eingongsgrillar og bålpanner for å nemne noko. Alle pliktar dessutan å vise varsemd og opptre på ein slik måte at brann ikkje oppstår. Dette gjeld alle, heile tida og over alt.

- Tusen takk til innbyggjarane våre, som har høyrt på oss og respektert forbodet. Det setter vi stor pris på, seier brannsjef Janicke Larsen.