HeimNyheiterDrop-in vaksinering for dose 3 av koronavaksina

Drop-in vaksinering for dose 3 av koronavaksina

Stad:

  • Bedehuset på Dale

Tid:

  • Onsdag 15.september kl 09.00 – 14.00
  • Torsdag 16. september kl 09.00 – 14.00
  • Onsdag 22.september kl 11.30 – 15.00

Om du ikkje rekk drop-in kan du bestille time vaksinering for dose 3 på vanleg måte.

Hugs å ta med deg naudsynt dokumentasjon når du kjem på drop-in.

Kven kvalifiserer for dose 3 av koronavaksinen?

For å få tilbod om dose tre med koronavaksine, må du vise dokumentasjon på at du tilhøyrer dei utvalgte gruppene med alvorleg nedsatt immunforsvar. Dette er det spesialisthelsetenesta som har ansvar for.

Om du er i ei av desse gruppene vil du motta eit brev frå sjukehuset som du kan ta med til vaksinering. Dette kan ta noko tid.

Har du ikkje fått brev enno og ønskjer å få tatt tredje vaksinedose, kan du gjere følgjande:

Har du ein diagnose i henhold til lista for gruppe 1 kan du vise fram notat frå sjukehus kor diagnose framgår.

Gruppe 1:

  • Organtransplanterte, beinmargstransplantasjon siste 2 åra, eller ein pågåande graft versus host-sjukdom som krev immunsuppresjon
  • Alvorleg og moderat primær immunsvikt
  • Aktiv dialysebehandling og pasientar med kronisk nyresvikt stadium 5
  • Avansert eller ubehandla hiv-infeksjon

Tilhøyrer du gruppe 2, pasientar med pågåande monaleg immundempande behandling av anna årsak.

Gruppe 2:

Brukar du immundempande medisinar som står på lista frå dei fagmedisinske miljøa?
Då kan du vise fram dokumentasjon på medisinbruk i form av journalnotat, resept/e-resept eller medikamentforpakning kor namnet ditt framgår.

Bruker du følgjande medikament er du aktuell for tredje vaksinedose:

Abatacept (Orencia®)
Adalimumab (Humira®, Hyrimoz®)
Anakinra (Kineret®)
Azathioprin (Imurel®)
Baricitinib (Olumiant®)
Belimumab (Benlysta®)
Brodalumab (Kyntheum®)
Certolizumab pegol (Cimizia®)
Ciklosporin (Sandimmun®)
Cortison >100 mg daglig >1mnd
Cyclofosfamid (Sendoxan®)1
Dexametason >= 3 mg daglig >1mnd
Etanerecept (Enbrel®, Benepali®)
Filgotinib (Jyseleca®)
Fingolimod (Gilenya®)
Golilumab (Simponi®)
Guselkumab (Tremfya®)
Hydrocortison >= 80 mg daglig >1mnd
Iksekizumab (Talz®)
Infliximab (Remicade®,
Remsima®,
Zessly®,
Inflectra®,
Flexabi®)2
Leflunomid (Arava®)
Metotreksat (Metex®, Methotrexat, Ebetrex®)
Metylprednisolon >= 16 mg daglig >1mnd
Mykofenolat (Cellcept®)
Okrelizumab (Ocrevus®) 2,3
Omalizumab (Xolair®)
Ozanimod (Zeposia®)
Prednisolon >= 20 mg daglig >1 mnd
Rilonacept (Arcalyst®)
Risankizumab (Skyrizi®)
Rituksimab (MabThera®, Rixathon®)2,3
Secukinumab (Cosentyx®)
Sulfasalazin (Salazopyrin®)
Takrolimus (Prograf®)
Tocilizumab (RoActemra®)
Tofacitinib (Xeljanz®)
Upadacitinib (Rinvoq®)
Ustekinumab (Stelara®)
Vedolizumab (Entyvio®) 1

Lurar du på noko kring dette, ta kontakt med fastlegen din.


Sist oppdatert: 14.09.2021
Publisert: 14.09.2021