HjemNyheiterDu kan no endre tal betalingsterminar på kommunale avgifter

Du kan no endre tal betalingsterminar på kommunale avgifter

Du får frå 4. termin 2022 fleire val på korleis du vil ha forfall på faktura for kommunale avgifter

  • Fakturering og betaling 4 gonger i året (som i dag)
  • Fakturering og betaling 1 gong i året, enten heile årsgebyret om våren, eller heile årsgebyret om hausten
  • Fakturering og betaling halvårleg, ½ årsgebyr om våren og ½ årsgebyr om hausten
  • Fakturering og betaling månadleg, med betaling 1 gong pr månad

Dette gjeld kun private hushald og fritidsbustader.

Om du ikkje gjer noko

Då kjem faktura kvartalsvis som i dag.

Dette gjer du om du ønskjer å endre betalingstermin

Send ein e-post til fakturatermin@vaksdal.kommune.no og skriv kva val av dei ovanståande du ønskjer. (Det er ikkje mogeleg å ha andre oppsett ein dei som er lista opp over.)

Vi oppfordar til å opprette avtalegiro eller eFaktura

Vi oppfordrar alle som ikkje har efaktura eller avtalegiro om å opprette dette. Dette gjer du sjølv i nettbanken, eller ved å ta kontakt med banken din.

Kommunen kan ikkje gjere dette for deg. Det enklaste er å opprett avtalegiro, då dette ikkje krev at du aktivt godkjenner fakturaen i nettbank.

Om eigedomsskatten ved månadleg faktura

Når det gjeld eigedomsskatten, vil me gjere dykk merksam på at den ikkje vil vere med på dei første faktura i året dersom du vel månadleg faktura. Dette er fordi eigedomsskatten først skal vedtakast av ein sakkunig nemnd. Dette vert gjort etter nyttår kvart år. Når den er vedteke vil eigedomsskatten komme med på fakturaene med eit oppsamla beløp så langt i året.


Sist oppdatert: 23.08.2023
Publisert: 24.08.2022