E16 blir stengt ved Langhelle torsdag 7. mars
Statens vegvesen melder at E16 ved Langhelle blir heilt stengt frå kl 08.15 torsdag 7.mars.
Publisert:
05.03.2024
Sist endra:
06.03.2024
E16 er heilt stengt torsdag, opning kvar time onsdag og fredag.
Les oppdatert sak på vegvesen.no.
Dei skal rydde og sikre fjellsida i området der det var steinsprang måndag.
Vegen blir heilt stengt til arbeidet er ferdig, seinast kl 19.00. Det er ikkje mogeleg å passere området så lenge arbeidet i fjellsida pågår. (Det kan komme endringar).
Onsdag 6. mars har dei førebuande arbeid på staden. Då blir det leiebil forbi området.