HjemNyheiterEndringar i dei nasjonale koronareglane

Endringar i dei nasjonale koronareglane

Helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol presiserer på pressekonferanse i dag at det ikkje innførast inngripande tiltak.

Koronasertifikat kan brukast av kommunane etter behov

Ein av dei største endringane er at kommunane no kan ta i bruk koronasertifikat. Dette for å unngå nedstenging, krav om avstand og begrensingar i deltakarar/ besøkjande på utestader og arrangement.

Andre tiltak frå regjeringa:

  • Uvaksinerte nærkontaktar over 18 år må teste seg sjølv om dei er fri for symptom
  • Det planleggjast ein tredje vaksinedose for alle over 18 år
  • Uvaksinert helsepersonell bør testast to gonger i veka, og bruke munnbind
  • Meir målretta bruk av testing i skulane


Status i Vaksdal:

I Vaksdal kommune har vi i dag ingen smitta, men vi vurderer fortløpande om det er behov for å iverksetje tiltak i vår kommune.

Vi minner om det vi alle kan gjere til einkvar tid for å minke risikoen for smitte:

  • Bli heime om du er sjuk – og ta gjerne ein koronatest
  • Ha god hand- og hostehygiene
  • Bruk gjerne munnbind på offentleg transport og på stader med mykje folk

Sist oppdatert: 23.08.2023
Publisert: 12.11.2021