HjemNyheiterStøtte til energisparande tiltak

Støtte til energisparande tiltak

Midlane er brukt opp

Vaksdal kommunestyre vedtok i møte 13. desember 2022 å setja av midlar til nye energisparande tiltak til innbyggjarane sine primærbustader. 

Midlane gjeld tiltak som vert iverksett frå 1. januar til 31. desember 2023.

Kan du søkje?

Sjå retningslinjer for tildeling og vurder om du skal gjere eit tiltak i heimen din.

Har du spørsmål, ta kontakt med Maren Finsrud Johannesen.

Retningslinjer for energisparande tiltak til primærbustader i Vaksdal kommune: 

Føremål

  • Tiltaket har som føremål å støtte energisparande tiltak til innbyggjarar si primærbustad i Vaksdal kommune.
  • Søkjar må være juridisk eigar av bustaden og vere folkeregistrert på adressa det blir søkt om støtte til.
  • Bustaden må ligge i Vaksdal kommune. Det vert ikkje gitt tilskot til fritidsbustad.

Tidsperiode

Tilskot til tiltak gjeld frå 01.01.23 til 31.12.23.

Tiltaket og betaling må vere gjennomført i dette tidsrommet. Tiltak som er iverksett utanom dette tidsintervallet fell utanfor ordninga.

Type tiltak

Du kan få støtte til energieffektiviserande tiltak i bustad som Enova skisserer på sine nettsider. Sjå opplistinga av aktuelle tiltak under menypunktet om bustad.

Trykk her for å komme til enova.no. 

Stønaden gjeld nye tiltak. Dersom du allereie har iversatt tiltak kan du ikkje søke om fornying eller utviding av eksisterande anlegg. 

Støttebeløp

Støttebeløpet kan ikkje overstige kr 20 000,-.

Du kan kun søke om ein støtte pr bustad. Søknaden kan innehalde fleire uavhengige tiltak. Utgifter til arbeid/handtverkar må dokumenterast frå godkjent leverandør. Eigeninnsats/ arbeid vert ikkje dekka.

Ramme

Total ramme for Vaksdal kommune for denne støtta er kr 3 000 000,- . Når dette beløpet er brukt opp fell ordninga vekk.

Krav til søknad

Søknad må innehalde:

  • Namn
  • Personnummer
  • Adresse
  • Kontonummer
  • Skildring av tiltak
  • Kopi av faktura
  • Dokumentasjon av betaling i bank/ terminal

Ved å gje opp feile opplysningar kan støttebeløpet bli krevja tilbake. Det kan bli kontroll på om tiltaket blir gjennomført i tråd med søknad.


Sist oppdatert: 23.08.2023
Publisert: 14.02.2023