HjemNyheiterFagforbundet er velkomen til å besøke medlemane sine i Vaksdal kommune

Fagforbundet er velkomen til å besøke medlemane sine i Vaksdal kommune

 Det har vore oppfatta slik at leiinga i kommunen ikkje ønska at tilsette i barnehagane snakka med Fagforbundet når dei var på tur i bubilen sin for å besøke desse.

Dette har aldri vore intensjonen og vi beklagar på det sterkaste. 

Fagforeiningar er viktige for demokratiet, og er sjølvsagt velkomne til å besøke sine medlemar i kommunen. 

Vi vil drøfte hendinga med Fagforbundet lokalt, og sikre korleis vi handterer dette i framtida. 

Atle Fasteland,
Kommunedirektør


Sist oppdatert: 23.08.2023
Publisert: 09.09.2021