HeimNyheiterFeiing og tilsyn av fritidsbustader i kommunen

Feiing og tilsyn av fritidsbustader i kommunen

Feiing og tilsyn av hytter vert innført for å redusere brannrisiko, og for å hjelpe deg å sikre at eigedomen din er så brannsikker som mogeleg. 

Det er kommunen som fastset gebyret for feiing og tilsyn. Gebyret vert krevd inn årleg,  men feiing vil skje etter behov. 

Gebyr for feiing og tilsyn i 2021 er kr. 751,- 

Dersom fritidsbustaden dykkar ikkje har fyringsanlegg, ber vi om at de snarast melder frå om dette til :

post@vaksdal.kommune.no

Trykk her for å lese forskrift for brannforebygging hos Lovdata.


Sist oppdatert: 26.02.2021
Publisert: 26.02.2021