HjemNyheiterFlott opning av Dale skule og kulturbygg fredag sist veke

Flott opning av Dale skule og kulturbygg fredag sist veke

Ordførar og rektor ønskjer velkommen

Ordførar Hege Eide Vik og rektor Magnar Helland ønskjer velkommen.

Tilstades i salen var mellom anna tilsette på skulen, elevråd, representantar for foreldre, lokale politikarar og kommuneadministrasjonen. I tillegg var representantar frå Rambøll og Consto, selskapa som har planlagd og bygd skulen tilstades.

Talar, sketsjar og flotte musikalske innslag av lokale krefter blei sydd saman på ein strålande måte med mykje humor av lærarane Maya Mykkeltvedt og Ståle Hesjedal.

Eigenprodusert vise av Ove Magne Straume fekk vi òg høyre – «Alt er nytt – eller soga om Dalesalen sin tronge fødsel».

Og no har kultursalen fått sitt namn, Dalesalen. Vinnarane av namnekonkurransen hadde valgt kven dei ville gi pengepremien til. Johan Bruvik gir sin premie til Dale Røde Kors besøksteneste, og Torhild Roe gir sin premie til den nystarta svømmetreninga på Dale.

Ordførar Hege Eide Vik klypte snoren til nedteljing og full jubel i salen.

Trykk her for å sjå snorklippinga på YouTube

I tida framover skal vi fylle kulturbygget med mykje godt for kropp og sjel – velkommen inn!

Her kan du lese talen til ordføraren.

Her kan du lese (og syngje) songen skreven av  Ove Magne Straume.


Sist oppdatert: 23.08.2023
Publisert: 31.03.2022