Flytting av institusjonsplassar er utsett
Vi utsett flytting av institusjonsplassar til veke 47.
Publisert:
29.10.2024
Sist endra:
29.10.2024
Vi har tidlegare informert om at vi planlegg for samlokalisering av institusjonsplassar og flytting frå Dale til Vaksdal i veke 45.
Vi har no tatt ei beslutning om å utsette flytting til veke 47. Årsaka er at firmaet som skal montere takheisar har fått ei forsinking i leveransen av nødvendig utstyr, slik at dei ikkje rekk å få dette på plass før.
Vi ønskjer at alt skal vere på plass før vi tek bygget i bruk.
Dei involverte er informerte i eigne kanalar.