HeimNyheiterForskrift om smittevernfagleg drift på byggeplassar i Vaksdal kommune

Forskrift om smittevernfagleg drift på byggeplassar i Vaksdal kommune

§ 1. Formål og verkeområde

Forskrifta sitt føremål er å fastsetje smittevernfaglege tiltak for å hindre eller avgrense spreiing av SARS-CoV2 i befolkninga og blant helsepersonell, sikre oppretthald av tilstrekkeleg kapasitet i helse- og omsorgstenesta, slik at tenesta kan handtere smittesituasjonen og ivareta ordinære helse- og omsorgstenester.

Forskrifta skal bidra til at vi ikkje får ei ukontrollert spreiing av mutert covid-19-virus i samfunnet som følgje av utbrot knytt til byggeplassar i Bergen kommune.

Forskrifta skal hindre smittespreiing mellom kommunar som har påvist mutert virus og kommunar som ikkje har det, ved å redusere mobiliteten av arbeidarar og gi auka fokus på smitteverntiltaka i bransjen.

Forskrifta gjeld i Vaksdal kommune.

§ 2. Definisjonar

Med byggeplass meiner vi stad med følgjande aktivitetar kor det er meir enn 5 arbeidarar (inkl. lærlingar) til stades samtidig, uavhengig av kva for bedrift eller verksemd dei representerer:

a) oppføring av bygningar

b) innreiings-, utsmykkings- og installasjonsarbeid

c) montering og demontering av prefabrikkerte element

d) riving, demontering, ombygging og istandsetjng

e) sanering og vedlikehaldsarbeid

f) alminneleg anleggsverksemd

g) graving, sprenging og anna grunnarbeid

h) anna arbeid som blir utført i tilknytning til bygge- eller anleggsarbeid.

§ 3. Smittevernfagleg drift på byggeplassar

Byggeplassar skal sikre etterleving av Byggenæringens landsforening (BNL) sin bransjestandard om smittevern. Anbefalingar i standarden gjeld som påbod i denne forskrifta si verketid. Etterleving av bransjestandard skal kunne dokumenterast i form av planar og oppslag på arbeidsplassen.

Det skal vere lett tilgjengeleg munnbind og handsprit på byggeplassen.

Arbeidarar skal sikre at det er minst 2 meter avstand til andre personar på byggeplassen. Når det er fare for at avstandskravet ikkje kan bli følgt, skal munnbind brukast.

Det skal førast liste over alle som har vore på byggeplassen, med oversikt over tidspunkt og dato. Lista skal utleverast til smittesporarar på førespurnad. Ansvarleg på arbeidsplassen skal aktivt bidra til å få kontakt med smitta, og bidra til at smitta personar og deira nærkontaktar har kunnskap om reglar knytt til karantene og isolasjon. Lista over arbeidarar må behandlast i tråd med GDPR.

Ved levering av varer skal avstandskrava overhaldast - også til personell som leverer varene.

Arbeidsgivar er ansvarleg for at arbeidarar som får luftvegssymptom straks forlet arbeidsplassen. Hender skal spritast og munnbind tas på før heimreise.

Arbeidstakaren blir oppfordra til straks å la seg covid-19-teste med PCR-test.

§4. Krav til pauserom, garderobar og sanitære forhold

FOR-2020-06-19-1265: Arbeidsplassforskrifta gjeld for alle faste og mellombelse arbeidsplassar, tilkomstvegar og for nye og eksisterande arbeidslokale. Ansvarleg for byggeplassen har eit særleg ansvar for å syte for at desse krava blir oppfylte.

I tillegg skal det vere mogleg å halde 2 meters avstand til andre arbeidarar på pauserom, i garderobar m.v.. Det skal vere god ventilasjon i rom som blir nytta. Det skal vere vakthald på byggeplassen som går kontrollrundar kvar andre time og som ser til at avstandskrav og andre smittevernreglar til ei kvar tid blir følgde, inkludert bestemming om reingjering som beskrive i Bransjenormen. Dette skal dokumenterast. Brot skal straks bli påtalte.

§ 5. Kven som kan vere til stades på byggeplassen

Talet på personar som er til stades på byggeplassen skal avgrensast til det talet på personar som er heilt nødvendig for drifta.

Om ein person har jobba på byggeplass i ein kommune med påvist sørafrikansk mutert virus på byggeplass og skal jobbe på byggeplass i Vaksdal kommune, blir det stilt krav om negativ covid-19-PCR-test som ikkje er eldre enn 24 timar før oppstart av arbeid i Vaksdal kommune. Vidare blir det stilt krav om negativ PCR-test kvar tredje dag inntil 14 dagar etter arbeid på byggeplass i kommune med påvist sørafrikansk mutert virus på byggeplass.

Alle som er på byggeplassen skal følgje Bransjestandard om smittevern for BNL sine medlemsbedrifter.

§ 6. Kven som skal vere til stades på byggeplassen

Ansvarleg for byggeplassen skal ha god kunnskap om Bransjestandard om smittevern for BNL og generelle smittevernreglar. Denne personen skal sjå til at alle arbeidarar som har tilgang til byggeplassen, har tilstrekkeleg kunnskap om smittevern som beskrive i gjeldande bransjestandard.

Ein ansvarleg person skal vere til stades på byggeplassen jf. § 4, når det er meir enn 5 personar til stades. Dette skal være personell som har god kunnskap om Bransjestandard om smittevern for BNL.

§ 7. Testing av arbeidarar

Bransjen skal samarbeide med Vaksdal kommune si smittevernmyndigheit om testing av arbeidarar på byggeplassar, i tråd med dei faglege anbefalingane som til ei kvar tid kjem frå smittevernmyndigheita.

Arbeidarar som viser teikn til luftvegsymptom, eller som er inkludert i den gruppa som kommunen si smittevernmyndigheit har bede om å teste seg, men som ikkje ønskjer å teste seg, skal bortvisast frå arbeidsplassen.

Ein person som bur eller oppheld seg i Vaksdal kommune og jobbar, eller i løpet av dei siste 14 dagane har jobba, på byggeplass i kommune med påvist sørafrikansk mutert virus, blir sterkt oppfordra til å la seg covid-19-teste med PCR-test. Det er anbefalt vidare testing kvar veke for den som framleis jobbar på slik byggeplass.

§ 8. Straff

Forsettleg eller grovt uaktsamt brot på bestemmingar i denne forskrifta, kan straffast med bøter eller fengsel inntil 6 månader, jf. smittevernlova § 8-1.

§ 9. Ikraftsetjing, varigheit

Forskrifta trer i kraft 12. februar 2021 og gjeld til og med 28. februar 2021.

Heimel: Fastsett av formannskap/plan- og økonomiutvalet i Vaksdal kommune 12. februar 2021 med heimel i lov 22. juni 2018 nr. 83 lov om kommuner og fylkeskommuner (kommuneloven) § 11-8 og lov 5. august 1994 nr. 55 om vern mot smittsomme sykdommer § 4-1. 

Trykk her for å komme til forskrifta hos Lovdata.


Sist oppdatert: 12.02.2021
Publisert: 12.02.2021