HjemNyheiterFrivillige organisasjonar kan no søke om momskompensasjon på varer og tenester

Frivillige organisasjonar kan no søke om momskompensasjon på varer og tenester

Lotteri- og stiftelsestilsynet skal fordele i overkant av 2 milliardar kroner i momskompensasjon til frivillige lag og organisasjonar i 2023.
Publisert: 06.06.2023
Sist endra: 23.08.2023

Denne ordninga skal fremje frivillig aktivitet, gjennom å kompensere for kostnader som frivillige organisasjonar hat hatt til meirverdiavgift ved kjøp av varer og tenester.

Det er ope for søknader og søknadsfristen er 1. september.

Frivillige organisasjonar som er registrerte i Frivilligregisteret kan søke på ordninga.

Frivillig innsats må vere ein viktig del av verksemda som det søkast om kompensasjon for. Alle mottakarar av momskompensasjon må vere registrerte i Frivilligregisteret innan 1. september 2023. Dette gjeld også dei som søker via sitt sentralledd. Hugs at registrering kan ta litt tid. 

Merk: Sentralledd har eigne fristar for rapportering frå underledda sine. Sjå den aktuelle organisasjonen sine nettsider, eller ta kontakt med sentralleddet for meir informasjon. 

Det kan søkast etter to modellar:

Forenkla modell og dokumentert modell. Minstegrensa for å søke etter forenkla modell er 100 000 kr i søknadsgrunnlag, og etter dokumentert modell er det 7 000 i faktiske meirverdiavgiftskostnader. Grensene gjeld ikkje for underledd.

Trykk her for å finne informasjon og søknadsskjema på nettsida til Lotteri- og stiftelsestilsynet.

Her ligg også informasjon om oppdateringar de må vite om i 2023.