HeimNyheiterGode innbyggjarar i Vaksdal

Gode innbyggjarar i Vaksdal

Ordførar Hege Eide Vik

Me mobiliserer på nytt, og ber alle om å vera med på eit felles løft den neste veka for å få kontroll på situasjonen i regionen vår.

Me har ingen smitta per i dag i Vaksdal. Tiltaka blir sett i verk no på grunn av at mutantvirusa må slåast ned fort så ikkje dei får fotfeste i regionen vår. Desse virusvariantane er svært smittsame.

Barnehage og skule held fram på gult nivå i kommunen vår, og fritidsaktivitetar for born og unge under 20 år kan gå som vanleg.

Det blir påbudt å bruke munnbind, men ikkje for barn under 12 år. Alle som kan, skal ha heimekontor. Generelt må me unngå unødvendige reiser og begrense kor mange me møter.

Vaksinasjonprogrammet går som planlagt, dei som skal vaksinerast no vil bli kontakta.

Har du spørsmål til kommunal kriseleiing, kan du sende desse til:

info@vaksdal.kommune.no

No må me igjen halde god avstand. Me veit at det er mange som blir einsame og isolert når det er strenge tiltak. Eg vil oppmoda alle til å sjå seg rundt om det er nokon som kan ha behov for ein telefonsamtale eller ein tur ute i frisk luft med god avstand.

Koronasituasjonen krev mykje av oss alle, og no må ta vare på kvarandre og vera gode venner og naboar.

Tusen takk, alle saman for den store innsatsen de gjer.

Helsing Hege Eide Vik
Ordførar


Sist oppdatert: 07.02.2021
Publisert: 07.02.2021