Ha ei branntrygg juletid

Uforsiktig bruk av levande lys og det å vere uoppmerksom under matlaging, er blant dei vanlegaste brannårsakane i desember.

Her er seks gode råd for ei branntrygg juletid:

  1. Sjekk at røykvarslarane dine verkar og at du har fungerande sløkkjeutstyr tilgjengeleg
  2. Gå aldri frå komfyren når du lagar mat. Installer gjerne komfyrvakt
  3. Gå aldri frå eit rom med levande lys og aldri set eit tent lys nær gardiner eller brennbar julepynt. Unngå å bruke brennbare lysestakar!
  4. Sjekk alltid ein ekstra gong at alle levande lys er sløkt før du legg deg eller går ut av huset
  5. Slå alltid av adventsstakar, julestjerner og lyslenkjer om natta og når du ikkje er heime
  6. Ha brannøving i heimen. Har du tenkt over situasjonen på førehand, er du mykje betre førebudd om det skulle begynne å brenne

Sist oppdatert: 23.08.2023
Publisert: 21.12.2022