Har du bustad til flyktningar frå Ukraina?

Norge bur seg på å ta imot eit stort tal flyktningar frå krigen i Ukraina. Vaksdal kommune ønskjer å kartleggje tilgjengelege bustadar som kan takast i bruk raskt.

Slik sender du informasjon:

Har du ein bustad du ønskjer å tilby kan du sende oss ein e-post med litt informasjon om bustaden: Storleik, tal rom, er det eige kjøkken/bad og andre relevante opplysningar.
 
NB: Ikkje send personsensitiv informasjon som helseopplysningar og liknande.

Ønskjer du å hjelpe?

Ta kontakt med dei frivillige hjelpeorganisasjonane viss du ønskjer å bidra som frivillig.


Sist oppdatert: 10.03.2022
Publisert: 10.03.2022