HjemNyheiterHellestraumen bru blir stengd frå i dag

Hellestraumen bru blir stengd frå i dag

I samband med årleg inspeksjon er det oppdaga skadar på brukonstruksjonen på Hellestraumen bru.
Publisert: 07.07.2023
Sist endra: 23.08.2023

For å vareta trafikktryggleiken blir brua stengd til skadane er utbetra. Det blir skilta stenging av brua på begge sider.

Det blir mogeleg å passere over brua for gåande og syklande.

Vi jobbar med å finne entreprenør som kan reparere brua, og kan difor ikkje seie noko om kor lenge brua blir stengd.

Nødetatane er varsla om brustenginga.