HjemNyheiterHelsebygg på Jamne på Vaksdal

Helsebygg på Jamne på Vaksdal

Avgrensa tid for massetransport til byggjeplassen

Rivearbeida er avslutta og grunnarbeida med utgraving av tomtene vil vare i desember 2021 og i januar 2022. For å redusere ulemper for naboar ved massetransport til og frå byggjeplassen vil transporten vil bli avgrensa til perioden 07.45 – 08.30.

Gravearbeid i Jamnevegen og ved sjukeheimen

I tillegg vil det i ein kortare periode vere gravearbeid i Jamnevegen og ved sjukeheimen. Dette arbeidet blir utført av BKK, og gjeld omlegging av høgspentkabel og etablering av ny trafo.

Vis varsemd og bruk refleks

Alle trafikantar i området blir oppfordra til å vise varsemd overfor gåande, og spesielt med omsyn til barn som går til og frå skulen. Det er mørketid og prosjektet oppmodar til bruk av refleks, og for barn - refleksvestar.

Trykk her for å opne skisse over anleggsområdet. (PDF)


Sist oppdatert: 23.08.2023
Publisert: 30.11.2021