Helsebygget på Jamne

Det vil vere transport med tyngre køyretøy fram til tett hus-fasen er ferdig hausten 2022.

Det vil vere transport også etter den tida, men dette vi vere persontrafikk og transport av tradisjonelle byggjevarer.

Det vil og vere arbeid ute rundt bygget framover, og dette vil krevje bruk av maskiner. Asfaltering av vegar vil skje på vårparten.

All transport og parkering skal utførast på tilviste vegar og område.

Fram til sommaren skal transport unngåast mellom kl. 07.10 og 08.00. Når den nye skulen på Vaksdal opnar til hausten vil tidspunktet bli endra i samarbeid med skulen.

Arbeidstida på anlegget er kvardagar mellom klokka 07.00 - 17.00. Det kan i perioder vere behov for arbeid på andre tidspunkt. Dette blir varslast i framkant.

Spesielt støyande arbeider blir planlagt på førehand og skal alltid utførast innanfor normal arbeidstid.


Sist oppdatert: 31.03.2022
Publisert: 30.03.2022