Høyring kommuneplanen sin arealdel - frist 20. desember
Frist for innspel er 20.desember 2018.
Her finn du dokumenta i saka:
Kommuneplanen sin arealdel planomtale.pdf
Plankart kommuneplanen sin arealdel.pdf
Kommuneplan arealdel føresegner og retningslinjer.pdf
Kommuneplanen sin arealdel konsekvensutgreiing.pdf
Vi vil invitere til informasjonsmøter og opne kontordagar i november og desember 2018.
Har du spørsmål?
Ta kontakt med kommuneplanleggar Gjertrud Karevoll
Telefon: 915 60 795
E-post: Gjertrud.Karevoll@vaksdal.kommune.no
Innspel sendast til post@vaksdal.kommune.no innan fristen 20. desember.
Informasjonmøte og opne kontordagar
Informasjonsmøte | Open kontordag |
---|---|
15.11 kl 17-18 Dale, Heradshuset | 15.11 kl 12-19 Heradshuset, Dale |
19.11 kl 17-18 Vaksdal skule | 19.11 kl 13-1830 Vaksdal skule |
20.11 kl 17-18 Stanghelle skule | 21.11 kl 13-18 Stanghelle skule |
03. 12 kl 17-18 Eksingedalen skule | 22.11 kl 08-15 Dale, Heradshuset |
04.12 kl 17-18 Bergsdalen (skulen) | 03.12 kl 14-18 Eksingedalen skule |
11.12 kl 17-18 Stamnes skule | 04.12 kl 14-18 Bergsdalen (skulen) |
06.12 kl 12-17 Dale, Heradshuset | |
07.12 kl 9-14.30 Dale, Heradshuset | |
11.12 kl 14-18 Stamnes skule | |
13.12 kl 12-20 Dale (etter avtale) |
Arbeidet starta i 2015
Planforslaget har vore førelagt formannskap/planutval, kommunestyre og regionalt planforum i fleire omgangar.
I tillegg har det vore særskilte møte med Hordaland fylkeskommune (Hfk) og Fylkesmannen (FM) i høve grensesnitt mellom kommuneplanens arealdel ( KPA) og pågåande områdeplanarbeid i stasjonsbyane Vaksdal og Stanghelle.
Vidare har administrasjonen vore i møte med prosjektleiinga for ny E16/ jernbane Arna - Stanghelle (K5) for å drøfte grensesnitt mellom KPA og statleg plan, samt korleis handtere massedeponi i KPA.
Planen er utarbeidd i tråd med nasjonale og regionale planar, og andre førande dokument.
Kva definerer planen
Planomtalen definerer mål for kommuneplanen og gjer greie for bakgrunnen for dei plangrep som er gjennomført.
Målsettingane er utarbeidd i 2017, og speglar dei folketalsprognosane for utvikling som då var gjeldande frå SSB. Kommunen sine målsettingar som vedtatt i Samfunnsdelen til kommuneplanen er foreslått vidareført i KPA.
I tråd med forskrift for konsekvensutgreiing (KU) er det gjennomført KU for nye område for utbygging og vesentleg endra arealbruk i eksisterande byggeområde. Verknader for miljø og samfunn er skildra etter ei tredeling:
- miljøkonsekvensar
- andre konsekvensar og
- risiko og sårbarheit (ROS)
I tillegg er endringane vurdert mot måloppnåing. I tråd med KMD sin rettleiar for konsekvensutredning av KPA er det og gjennomført ei vurdering av samla konsekvensar av planforslaget.