HjemNyheiterI morgon startar fjellsikring av rasområdet på Vikavegen

I morgon startar fjellsikring av rasområdet på Vikavegen

Denne og neste veke vil eit fjellsikringslag arbeide i rasområdet. (Vegen opp mot Hesjedalen).
Publisert: 31.07.2023
Sist endra: 23.08.2023

Vegen vil bli stengt i vekedagar (måndag til fredag)  frå kl. 07.00 til 18.00. Det er ikkje lov å passere, og det vil vere utplassert vakt i vegen.

Nødetatane og Bir kan passere etter avtale med vaktpersonalet.

Vi er usikre på kor lang tid arbeidet vil ta, og vil oppdatere saka når vi har ny informasjon.