Dette må du ikkje kaste i do: – Våtservietten er den største syndaren
Det er eit aukande problem i heile kommunen at vi finn våtserviettar, eingongsklutar og filler i filteret på pumpestasjonar. Dette er ikkje bra for miljøet for det fører til plastforureining. Det gjer og at vi må bruke meir ressursar på avløpsreinsing som til slutt fører til auka kostnader for alle.
Kloakk i retur
Tette røyr og tilstoppa pumper kan føre til tilbakeslag av kloakk i kjellaren din. Det unner vi ingen. Det er noko «skikkeleg drit» for å seie det sånn.
Avløp rett ut i naturen
Når røyra tettar seg, og om avløpsvatnet ikkje kjem tilbake til din eigen kjellar, vil vatnet alltid finne ein veg. Det kan rett og slett føre til overløp av kloakkvatn i bekker og elvar og forureining av natur og miljø.
Kastar du våtserviettar og filler i do?
Vi håpar du vil slutte med det! I alle fall viss du er oppteken av å ta vare på natur og miljø, eller synest det er utriveleg å symje rundt i kloakk på den lokale badestranda di.