HeimNyheiterInfluensavaksine hausten 2020

Influensavaksine hausten 2020

Det er begrensa tal vaksiner i år, og  myndigheitene har derfor bestemt at vaksinering er øyremerkt spesielle målgrupper.

Dette er prioriteringane fram til 1. desember:

Helsepersonell

Alt helsepersonell i helsetenesta med regelmessig pasientkontakt tilbys vaksine på arbeidsplassen. Denne skal vere gratis for den tilsette

Risikogrupper

  • Gravide i 2. og 3. trimester, og gravide i 1. trimester med annen tilleggsrisiko 
  • Bebuarar i omsorgsbuatsder og sjukeheim
  • Alle frå fylte 65 år
  • Barn og vaksne med:
    • diabetes type 1 og 2
    • kronisk lungesykdom, hjarte- og karsjukdom, leversvikt eller nyresvikt
    • kronisk nevrologisk sjukdom eller skade
    • nedsett immunforsvar som følge av sjukdom eller behandling av sjukdom (f.eks. kreft, HIV, reumatoid artritt og andre sykdommer)
    • svært alvorleg fedme (KMI over 40)
    • anna alvorleg og/eller kronisk sjukdom der influensa utgjer ein alvorleg helserisiko, etter individuell vurdering av lege

I tillegg tilrår vi influensavaksine til:

  • Personar som bur saman med immunsupprimerte pasientar
  • Svinerøktere og andre som har regelmessig kontakt med levande grisar

Vi infomerer nærmare når og kvar vaksinasjon startar

Vi ber om at du ikkje ringer legekontora, men venter til det kjem ut informasjon.

Du vil få informasjon i Vaksdalposten, på nettsida og Facebooksida vår når vi er klare for vaksinering.

Kommuneoverlegen i Vaksdal


Sist oppdatert: 30.09.2020
Publisert: 30.09.2020