Influensavaksinering haust 2020
På grunn av koronapandemien planlegg vi i år vaksinasjon på ein annan måte enn før.
OBS! Vaksinasjon er førebels kun for prioriterte grupper. Sjekk lista under.
Prioriterte grupper:
- Alle som har fylt 65 år Barn og vaksne med:
-
diabetes mellitus, type 1 og 2
-
kronisk luftvegssjukdom
-
kronisk hjarte- og karsjukdom
-
kronisk nyresvikt
-
kronisk leversvikt
-
kronisk nevrologisk sjukdom eller skade
-
nedsatt immunforsvar
-
svært alvorleg fedme (BMI over 40)
-
annan alvorleg eller kronisk sjukdom
- Gravide frå veke 12 i svangerskapet
- Bebuarar i omsorgsbustader
- Bebuarar på sjukeheim (Eige opplegg)
Helsepersonell får tilbod om influensavaksine på arbeidsplassen, og skal ikkje møte til vaksinasjon i Dalekjellaren.
Kvar vil vaksinasjon skje:
- Dalekjellaren på Dale
Når kan du få vaksine:
- Tirsdag 27. oktober
- KL 09.00 - 11.00 og 13.00 - 15.00
- For deg som har etternamn som byrjar på A til og med L
- Onsdag 28. oktober
- KL 09.00 - 11.00 og 13.00 - 15.00
- For deg som har etternamn som byrjar på M til og med Å
Det er ingen timebestilling - berre møt opp.
Kva koster det?
- Eigendel - kr 50,-. (ha med nøyaktig beløp om du vil betale kontant).
- Du er velkomen til å betale med vipps, med vi tar ikkje kort.
Vil du ta vaksine mot lungebetennelse samstundes?
- Ta kontakt med fastlegen din for resept, og ta med deg vaksinen når du kjem.
Kan du ikkje komme på dei oppsette tidene?
- Ta kontakt med fastlegen for å avtale time for vaksinering.
Sist oppdatert:
21.10.2020
Publisert:
21.10.2020