HjemNyheiterIngen restriksjonar i Vaksdal

Ingen restriksjonar i Vaksdal

Smittetala aukar i Bergen, men ingen restriksjonar i Vaksdal

Me ser at smittetala aukar i Bergen, noko som har ført til at dei i går innførte restriksjonar og anbefalingar for å bremse denne utviklinga. I Vaksdal har me sju personar som er stadfesta smitta. Det er kjend smitteveg, og me har kontroll på dette. Slik situasjonen er i Vaksdal er det ikkje grunnlag for å innføre restriksjonar hjå oss no.

Arrangement i helga

Det skal vera fleire arrangement i Vaksdal kommune i helga. Det er kjekt å sjå at aktiviteten både på idrettsbana og sosialt tar seg opp att. Arrangørane gjer sitt ytterste for at det skal vera trygt å delta for alle.
Til alle deltakarar på arrangement i Vaksdal i helga vil me rette ei spesiell oppmoding: Det er avgjerande at du bidrar ved å følge reglane på arrangementet og vise omsyn til andre.

Pandemien er ikkje over

Me må hugse på at koronapandemien ikkje er over. Det er framleis viktig å halde avstand, vaske hender og halde seg heime om ein er sjuk.
Me oppmodar alle til å følge smittevernreglane og vise omsyn.

Institusjonane våre

Besøksreglane me har på sjukeheimane er uendra, og det viktig at besøkjande framleis føl desse.

Helsing Hege Eide Vik
Ordførar


Sist oppdatert: 23.08.2023
Publisert: 06.08.2021