HeimNyheiterInnfører ikkje regionale tiltak

Innfører ikkje regionale tiltak

Askøy kommune gav ei orientering av situasjonen, og det var ei drøfting av behov for felles smitteverntiltak i regionen.

Kommunane, i samråd med FHI, vurderer situasjonen som eit framleis avgrensa utbrot, der per i dag nye påviste tilfelle, med få unntak, allereie er i karantene. Det vert difor ikkje innført regionale tiltak i dag, men kommunane er klar til å setje inn tiltak raskt om situasjonen endrar seg.
Askøy innførte fredag strenge tiltak for å avgrense smitteutbrotet.

Det er òg innført tiltak i Øygarden. Kommunane i Bergensområdet følger situasjonen tett, og det er avtalt eit nytt samordningsmøte onsdag, eller tidlegare i veka om situasjonen endrar seg.

Kommunane vil legge til rette for ein dialog med trussamfunna om smittevern.
Kommunane i Bergensområdet samarbeidar godt, og er budd på å hjelpe kvarandre i arbeidet med smittesporing.

Mutert virusvariant av koronasmitten har ført til at smitten no har spreidd seg svært raskt i enkelte område. Leiinga i kommunane vil på det sterkaste understreka viktigheita av å møte minst mogleg folk, reise minst mogleg og ikkje gjennomføre unødvendige reiser til, eller delta på arrangement i, andre kommunar.

Sjå helsenorge.no for gjeldande nasjonale smittevernråd og følg med på kommunens nettside for lokale råd og reglar.


Sist oppdatert: 21.03.2021
Publisert: 21.03.2021