HjemNyheiterJulehelsing frå ordførar

Julehelsing frå ordførar

Det var ei sterk og alvorleg hending som har fått store ringverknader også utanfor Ukraina. I Vaksdal har me rigga oss til å ta imot flyktningar igjen, og er glade for å få lov til å bidra. Det varma å sjå kor mange som ville tilby husrom, og alle bidrag som har kome inn i form av nødvendig utstyr. Kommunestyret har vedteke at Vaksdal kommune skal ta imot inntil 50 nye flyktningar neste år. Eg er trygg på at me alle tar dei varmt imot.

Som følge av den økonomiske situasjonen og energisituasjonen i Noreg og i vår del av verda har dei aller fleste fått ein reell nedgang i økonomien sin. For dei av oss som hadde minst frå før rammar dette hardast. Kommunestyret vedtok derfor ei ekstraløyving til alle som har krav på sosialstønad i desember. Kommunestyret donerte også pengar til Frivilligsentralen sin aksjon som gjev gåver og julemat til dei som melder inn behov for dette. Også her har gjevargleda mellom folk og næringsliv i kommunen vore stor. Det var eit imponerande tal gåver som vart delt ut denne veka. Tusen takk til alle som har bidratt!

Jula sin bodskap om fellesskap og å gjera gode ting for kvarandre gjer at me gjerne løfter blikket litt i desember. Og i år har eg inntrykk av at mange har vore opptekne av å redusere innkjøp og fokusere på å ha gode stunder med familie og venner i høgtida.  Både den økonomiske situasjonen og klimakrisa er langt framme i samtalar eg har hatt i det siste. Det er tid for å begrense seg. Og det er tid for å bry seg, slå av ein prat og gje nokon eit varmt smil. Det er heldigvis både gratis og klimavenleg. Og kanskje får me betre tid til å sjå kvarandre om me legg vekk noko av det materielle stresset, og fokuserer på samhald og fellesskap.

Eg vil oppmoda alle til å sjå rundt seg om det er nokon som sit åleine som ville blitt glad for ei merksemd no. Det er ekstra tungt å sakna nære relasjonar når det er høgtid. Ein særskilt helsing går til dykk som har måtte flykte frå eit land i krig.

No er det kun kort tid til jula vert ringt inn og pinnekjøtlukta tar over i heimane, og eg vil slå eit slag for allsong anten rundt bordet eller rundt juletreet. Når me syng saman skil me ut lykkehormon – dette er det forska på – så me alt å vinna på å gjera det.

Ei ekstra julehelsing i form av ei lokal nyinnspeling av O helga natt legg me også ved, med håp om at det kan inspirere til song, og bidra til litt julestemning.  

Eg ynskjer dykk alle ei riktig god jul og eit godt 2023 i vente. Eg tør nesten å love at det vert eit spesielt år – men på kva måte? Det vil tida vise.

Beste helsing Hege

Ordførar


Sist oppdatert: 23.08.2023
Publisert: 22.12.2022