HjemNyheiterKlageprosess - eigedomsskatt

Klageprosess - eigedomsskatt

I etterkant av denne takseringa er det kome fleire klager til kommunen. (Klagefristen var 18.mai). Desse klagene jobbar vi med og handsaminga er ein relativt omfattande prosess. Difor har det, diverre, tatt tid før ein får svar på klage. 

Når saksutgreiinga er ferdig skal sakkunnig nemnd for eigedomsskatt behandle sakene. Klager som ikkje får medhald i nemnda går vidare til ei ankenemnd for endeleg avgjerd.

Arbeidet er omfattande og tar tid. Året har vore spesielt, vi skulle gjerne vore ferdig tidlegare sjølvsagt, men vi satsar på å verte ferdige i november. 

Lova på området er slik at ein skal betale den utskrivne skatten i klageperioden. 

Det kjem frå tid til anna klager om at det ikkje er informert godt nok om desse forholda.  Det beklagar rådmannen.


Sist oppdatert: 23.08.2023
Publisert: 02.11.2020