HeimNyheiterKommunestyremøte med open halvtime

Kommunestyremøte med open halvtime

Kommunestyret skal mellom anna behandle reviderte retningslinjer for kulturprisen, høyringsuttale til interkommunal plan for sjøområde m.m

Dei vil få orienteringar om NAV-prosjekt ved Laila Thorsnes, gjennomgang av interkommunal plan for sjøareal, i tillegg til at Eirik Haga vil orientere om Vaksdal som vertskommune for kraftproduksjon.

Klikk her for å lese saksdokument

 

Open halvtime frå kl 10.00

Om du som innbyggjar, lag eller organisasjon ønskjer å leggje fram saka di til kommunestyret må du gje beskjed til ordførar innan måndag 26. april kl. 15.00. Du kan ikkje ta opp saker som er på sakslista.

 

Kommune-tv

KKL bestemte søndag 25. april at møtet ikkje kan gjennomførast fysisk i samfunnsalen på Vaksdal, men som eit fjernmøte. Publikum kan følge møtet via kommune-tv. 

 

Klikk her for å følgja møtet direkte

 


Sist oppdatert: 25.04.2021
Publisert: 21.04.2021