HjemNyheiterKorleis låne e-bøker og anna digitalt «knask»?

Korleis låne e-bøker og anna digitalt «knask»?

Stad: Biblioteket på Dale

Tid: Fredag 18. juni klokka 11.30

Biblioteksjef Jan Erik Kolaas vil i foredraget sitt snakke om det digitale biblioteket. Han vil først og fremst vise deg korleis du kan låne e-bøker ved hjelp av lånekortet ditt, men også korleis du kan få tilgang til film, aviser og tidsskrift.

Ta med lånekort. Har du ikkje lånekort, fiksar me eit til deg.

Du vil òg få høyre om kva planar vi har for kurs, foredrag og datakafé frå hausten 2021.

Du vil få kaffe med noko å bite i😊

Påmelding til innbyggjarservice på telefon: 56 59 44 00

OBS! Det er begrensa plass grunna smittevernhensyn.


Sist oppdatert: 23.08.2023
Publisert: 16.06.2021