Koronatiltak for innbyggjarar i Vaksdal kommune
Skule/ barnehage
-
Det er inga endring for skule og barnehage (framleis på gult nivå som resten av landet)
Arbeidsplassar
-
Det er påbud om heimekontor for alle som kan. Arbeidsgivarar skal kunne dokumentere at tilsette i verksemda har fått beskjed om korleis dette skal gjennomførast.
Serveringsstadar
-
Serveringsstadar kan halde ope, men har ikkje lov til å servere alkohol.
Plikt til å bruke munnbind
Det er plikt til å bruke munnbind når det ikkje er mogeleg å halde ein meter avstand
-
I butikkar
-
På serveringsstader
-
På kollektivtransport og innandørs stasjonsområde
-
Trus- og livssynshus
-
I lokale for kultur-, sports- og fritidsaktivitetar
-
Passasjerer skal ta munnbind på i taxi. (Munnbindet skal vere på før passasjeren set seg i taxien, og det skal vere på til ein er ute av bilen.) Sjøføren skal ha munnbind på når det er passasjer i taxien.
-
Munnbind gjeld og for tilsette på stader der det ikkje er mogeleg å halde minst ein meter avstand frå besøkjande.
Plikta til å bruke munnbind gjeld ikkje for barn under 12 år, eller for dei som av medisinske årsakar ikkje kan bruke munnbind.
Offentlege stader og virksomheiter der det er organiserte kultur-, idretts- og fritidsaktiviteter, kan halde ope for:
- Barn og unge under 20 år
- Utendørs aktivitet for voksne
- Organisert trening for toppidrettsutøvere
Butikkar
Kjøpesentre og varehus skal framleis halde stengt med ein del unntak.
-
Butikkane i Vaksdal kommune er ikkje påvirka av dette og kan halde ope
Fleire andre verksemder og stader skal halde stengd
-
I Vaksdal kommune gjeld dette stader der det foregår kultur-, underhaldnings- eller fritidsaktivitetar som samlar menneske innandørs.
Anbefalingar
-
Den nasjonale anbefalinga om besøk i heimen gjeld. Det vil seie å begrense sosial kontakt, og ikkje ha besøk av fleire enn fem gjestar. Barn i barnehage og barneskule kan ha besøk fra eigen kohort.
-
Alle bør unngå unødvendige reiser. Reise til arbeid er nødvendig.