HjemNyheiterKulturarvfestivalen i indre Vestland 31. august til 22. september

Kulturarvfestivalen i indre Vestland 31. august til 22. september

I år er vi med på kulturarvfestival for første gong. Tema er frå fjell tilfjord i gamle spor. Saman med Voss herad, Vik kommune og Nærøyfjorden Verdsarvpark arrangerer vi Kulturarvfestivalen i indre Vestland
Publisert: 28.08.2024
Sist endra: 28.08.2024

Her er nokre av arrangementa og aktivitetane du kan vere med på under festivalen. Her finn du full oversikt over arrangementa.

  • Opningsarrangement 31.08. kl 11.30 på Dale of Norway med ordførar Hege Eide Vik.
    Kulturskulen underheld og Bergsdalstunet serverer Bergsdalstapas.
    På guida omvising i fabrikken kan du få eit unikt innsyn i norsk tekstilhistorie, og kan sjå korleis dei ikoniske Dale-genserane blir til.
  • Guida tur på laksagiljo Vikaberget 30.08.-07.09
  • Sjarmerande guida tur med smaks- og naturopplevingar. Kom tett på
  • identiteten, kulturen og historia knytt til laksafisket frå laksagiljo.
  • Seilas med Brørvikskuto i Veafjorden 08.09. kl 12.00 -avreise frå Stamnes
  • Brørvikskuto er ein kopi av ei veaskute som vart brukt til å føra ved frå fjordane kring Stamnes på 1800-talet. Få ein tur på fjorden og nyt sjølivet mens du får høyra litt om historia om og kring skuto.