HjemNyheiterKulturarvfestivalen i indre Vestland

Kulturarvfestivalen i indre Vestland

I år er vi med på kulturarvfestival for første gong. Tema er frå fjell til fjord i gamle spor.
Publisert: 26.06.2024
Sist endra: 23.07.2024

Saman med Voss herad, Vik kommune og Nærøyfjorden Verdsarvpark arrangerer vi Kulturarvfestivalen i indre Vestland

Her er nokre av arrangementa og aktivitetane du kan vere med på under festivalen: Full oversikt finn du på kulturvern.no

Åpningsarrangement 31.08. 11.30 - På Dale of Norway med ordførar Hege Eide Vik

Kulturskolen underholder og Bergsdalstunet serverer Bergsdalstapas. På guida omvising i fabrikken kan du få eit unikt innsyn i norsk tekstilhistorie, og kan sjå korleis dei ikoniske Dale-genserane blir til. 

Guida tur på laksagiljo Vikaberget 30.08.- 07.09.

Sjarmerande guida tur med smaks- og naturopplevingar. Kom tett på identiteten, kulturen og historia knytt til laksafisket frå laksagiljo.
Mange arrangement – sjå 
Bygdasjarm.no for meir info

Barneteater i grendahuset Ljosheim:
Himmelspringaren 31.08. kl 14.00

Den dagen lammet «Lilla» kjem til verda, vert det sjokk i Gullullafjøset. Ho er jo ikkje som vanlege søte kvite lam, ho er lilla! Teateret er ei figurteaterframsyning basert på Sissel Horndal si bok med same tittel. Høver for barn frå 3 år og oppover i alle aldrar!
 

Seilas med Brørvikskuto i Veafjorden 08.09. kl 12.00 – avreise frå Stamnes

Brørvikskuto er ein kopi av ei veaskute som vart brukt til å føra ved frå fjordane kring Stamnes på 1800-talet. Få ein tur på fjorden og nyt sjølivet mens du får høyra litt om historien om og kring skuto.
 

Kulturkveld på Eidsland 14.9. kl 18.00 i grendahuset på Eidsland

Kåre Ness fortel om historien til AS Eidsfjord Møbelfabrikk som ein av dei første i landet og ordførar Hege Eide Vik fortel om bygging av Eidslandsvegen og samferdsla på fjorden. Det følger med tradisjonsrik matservering og musikk.