HjemNyheiterKurs i Tankevirus for ungdom

Kurs i Tankevirus for ungdom

Er sjølvtilliten frynsete og bekymringane hyppige? Grublar du mykje? Lyst til å lære nokre teknikkar for å få det betre? Det blir nye Tankevirus-kurs hausten 2024.
Publisert: 02.10.2024
Sist endra: 02.10.2024

Kva er Tankevirus?

Tankevirus er eit gratis meistringskurs retta mot førebygging og meistring av lette til moderate psykiske vanskar.

Kurset omtalar ulike negative tankemønster som tankevirus og lærer deltakarane om psykologiske vitamin som kan hjelpe mot tankevirus.

Når er det kurs?

  • 21. og 28. oktober kl. 18.00–20.00 - kurs for elevar og ungdom
  • 22. og 29. oktober kl. 18.00–20.00 - kurs for lærlingar og lærekandidatar

Påmeldingsfrist: 17. oktober

Kursa er digitale, og alle får ei møtelenke i forkant av kurset. Du deltek anonymt.

Kursa går over to dagar, og du som melder deg på, må setje av begge datoane.

Arrangør: Vestland fylkeskommune og Frisklivsentralen i Bergen.

Her kan du lese meir om kursa hos Vestland fylkeskommune 👇

Kurs i Tankevirus - Vestland fylkeskommune