HjemNyheiterKva gjeld no i Vaksdal - frå 15. desember

Kva gjeld no i Vaksdal - frå 15. desember

Det blir strengare reglar for arrangement og uteliv for vaksne, i kulturlivet og på organiserte fritidsaktivitetar.

Det blir innført skjenkjestopp over heile landet.

Opptrapping av vaksinering

Opptrapping av vaksineringa er eit viktig tiltak, og regjeringa har no endra intervallet mellom 2. og 3.dose til 4,5 mnd.

Vaksineringa i Vaksdal kommune går for fullt, og vi opnar no for dropin (utan timebestilling)  på nokre tidspunkt før jul og i romjula.

Alle som oppheld seg i Vaksdal kan få ei vaksinedose på dropin.

Vaksinasjonen er på bedehuset på Dale

Desse tidene er sett opp no:

  • 16. og 21. desember kl 15 - 16
  • 28. desember kl 12 - 15

Skule og barnehage

Alle barne og ungdomsskular og barnehagar skal drivast på gult nivå frå seinast torsdag 16. desember.

Siste skuledag før jul blir 17.desember. 

Munnbindpåbod er utvida

Munnbindpåbodet gjelder no også på innandørs arrangement, i bibliotek og i museum.

Isolasjon og smittekarantene

Det blir innført felles reglar for isolasjon og smittekarantene uavhengig av virusvariant.

Trykk her for å lese om dei nye reglane for isolasjon og smittekarantene.

Dei nye tiltaka gjer at desse lokala i Vaksdal kommune blir stengd for trening for vaksne frå onsdag 15. desember

  • Samfunnssalen på Vaksdal
  • Samfunnshuset på Stanghelle
  • Turbinen
  • Klubbhusa på Dale og Vaksdal

Dalebadet på Dale skule blir ope kun for skule og rehabilitering.

Heimekontor - påbod

Det er påbod om at arbeidsgivarar sørgjer for at tilsette jobbar heimanfrå dersom dette er praktisk mogeleg og ikkje til hinder for viktig og nødvendig verksemd på arbeidsplassen, blant anna verksemd for å vareta barn og sårbare grupper

Avstand og sosial kontakt

Regjeringa oppmodar til at vi avgrensar tal nærkontaktar, men at vi ikkje isolerer oss.

Vi bør ikkje ha fleire enn 10 gjester heime ut over eigen husstand. vi kan ha inntil 20 gjestar ein gong i løpet av jule- og nyttårshøgtida, men det bør vere ein meter avstand mellom gjestene. Alle må tenkje gjennom kor mange nærkontaktar ein har samla sett.

Regjeringa ber óg spesielt om at personar med risiko for alvorleg sjukdomsgang og uvaksinerte bør skjerme seg.

Idrett og organiserte fritidsaktivitetar

Regjeringa anbefaler å utsette eller avlyse organiserte idretts- og fritidsaktiviteter for vaksne som skjer innandørs.

Barn og unge i barnehage- eller grunnskulealder kan ha organiserte fritidsaktivitetar, som for eksempel fotballtrening eller korpsøving, men det blir tilrådde avgrensingar i kor mange som kan vere med. Dersom aktiviteten skjer innandørs bør det vere maks. 20 personar, med mindre alle deltakarane er frå same kohort i skule eller barnehage.

Vi tilrår ikkje å gjennomføre aktivitetar som samlar barn og unge frå ulike stader, for eksempel kampar, cupar, turneringar eller stemne.

Barn og unge som er ferdig med ungdomsskulen bør halde meteren også ved gjennomføring av fritidsaktivitetar. Det betyr for eksempel at dei ikkje bør spele fotball eller handball, kor det er vanskeleg å halde meteren.

Vi tilrår å utsetje eller avlyse gjennomføring av arrangement både ute og innandørs, som kampar og turneringar, og andre organiserte fritidsaktivitetar på tvers av ulike grupper for både barn og vaksne.

Unnataket er utandørs arrangement for barn og unge i idrettar som ikkje krev nærkontaktar og som kan utøvast med ein meter sin avstand, som for eksempel skirenn, gitt at dette er mogeleg innanfor arrangementregelverket.

Arrangement og samankomstar

Det blir tilrått å redusere tal nærkontaktar. Meir tid bør brukast heime. Det betyr at ein også må avgrense tal gjester, sosiale samankomstar og arrangement ein deltek på.

  • Skjenkestopp på alle arrangement med skjenkebevilling
  • Munnbind er påbodet på innandørs arrangement
  • Maksimalt 20 personar innandørs på privat samankomst på offentleg stad, i lånte eller leide lokale. Utandørs kan ein vere maksimalt 50 personar.
  • Minnestunder etter gravferder og bisetjingar kan ha maksimalt 50 personar innandørs og utandørs. Sjølve gravferda blir rekna som eit offentleg arrangement.
  • Maksimalt 20 personar på offentlege innandørs arrangement utan faste tilviste sitjeplassar og 50 personar ved bruk av slike sitjeplassar.
  • På utandørs offentleg arrangement: Inntil 100 personar utan faste, tilviste plassar og inntil 200 x 3 med faste, tilviste plassar.
  • Arrangørar skal sørgje for ei oversikt over kor publikum eller gjest sit ved offentlege arrangement kor alle i publikum sit på faste, tilviste sitjeplassar.
Serveringsstader
  • Det skal vere minst ein meter avstand mellom sitjeplassane ved gjestene sin innkomst. Personar i same husstand eller tilsvarande nære kan setje seg nærmare kvarandre.
  • Skjenkestopp, inne og ute.
  • Serveringsstaden skal ikkje ha servering for innandørs privat samankomst med fleire enn 20 personar inne og 50 ute.
  • Serveringsstaden skal vareta smittevernet.
Smittevernfagleg forsvarleg drift

Påbod om smittevernfagleg forsvarleg drift for barnehagar, skular og anna opplærings- og utdanningsverksemd.

Underhaldningsstader, leikeland, spelehallar og liknande skal halde stengde.

Symjehallar, badeland, spaanlegg og hotellbasseng, og treningssenter kan berre haldast ope for:

  • Individuell trening. Ved trening med høg intensitet skal det haldast 2 meter avstand.
  • Skulesymjing, symjekurs, symjetrening og konkurransesymjing med arrangør.
  • Rehabilitering og opptrening som blir tilboden individuelt eller i mindre grupper med arrangør.
  • Anna individuell behandling som det kan bestillast time til og kvar bad er ein del av behandlinga.

Følgjande verksemder skal drivast smittevernfagleg forsvarleg for å kunne halde ope:

Bibliotek, musé, bingohallar, symjehallar, badeland, spaanlegg, hotellbasseng, treningssenter, kjøpesenter, butikkar, varemesser, kortvarige marknader og liknande.

Dette inneber krav om å sørgje for at det er mogeleg å halde minst ein meter avstand til personar som ikkje er i same husstand eller tilsvarande nære, og at verksemda har utarbeidt rutinar for god hygiene, godt reinhald og lufting.

Med unnatak av bibliotek, musé, butikkar og kjøpesenter skal verksemdene registrere kontaktopplysingar til dei gjestene som samtykkjer til det.

Bransjerettleiarar bør gjeninnførast for bl.a. treningssenter og symjehallar. Det betyr i praksis at det blir strengare krav til smittevern.

Trykk her for å lese pressemeldinga på regjeringa si nettside.


Sist oppdatert: 23.08.2023
Publisert: 10.12.2021