HjemNyheiterKva skal kultursalen heite?

Kva skal kultursalen heite?

Namnekonkuransen for kultursalen vert no avslutta med at du kan stemma fram ditt favorittnamn.
 
Me har fått inn mange gode forslag, og me er svært takksame for det store engasjementet som er utvist i samband med konkurransen.
 
Juryen har bestått av to representantar frå ungdomsrådet, kulturskulerektor, redaktør i VP og ordførar.
 
Juryen har vore opptekne av å famne breidden i forslaga. Me har mellom anna tatt omsyn til historiske namn og til at nokre namn har vore foreslått mange gonger.
 
No er det innbyggjarane i Vaksdal som bestemmer kva av dei seks namna som vert ståande. Me håpar de vil engasjere dykk og stemme fram eit godt namn på kultursalen vår!
 
Helsing Hege Eide Vik

Sist oppdatert: 23.08.2023
Publisert: 16.02.2022