HjemNyheiterKvifor kan vi ikkje opne Turbinen og andre lokale for trening no?

Kvifor kan vi ikkje opne Turbinen og andre lokale for trening no?

Den overordna grunnen til at lokala framleis er stengt er for å unngå smittespreiing. Den praktiske forklaringa er at kommunen ikkje har mogelegheit til å overhalde smittevernreglane ved opning av lokala no. Vi har ikkje nok personell til dette.

Der er ein generell auke i smittetala nasjonalt no når folk kjem tilbake frå ferie, og vi kan ikkje utelukke at vi og kan få smitte her i Vaksdal. Vi er ein liten kommune med begrensa ressursar til å ivareta dei nasjonale smittevernkrava, og det vil difor vere uforsvarleg av oss å opne opp no.

Vi skal sjå på saka på nytt i samband med skulestart. Då skal vi sjå på bruken av alle lokala våre, korleis vi skal bruke desse, og korleis vi då eventuelt kan opne opp for trening for nokre grupper.
Vi vil ta kontakt med idrettslaga i kommunen i neste veke for å diskutere korleis vi kan løyse utfordringane i lag.

Vi jobbar for best mogeleg tilrettelegging for innbyggjarane i kommunen samstundes som hovedfokus er å unngå smittespreiing. Helse og tryggleik kjem alltid først, og tilrettelegging for barn og unge, og hensynet til dei eldste vil alltid være prioritert.

Det er ei vanskeleg tid, og vi håpar på fortsatt godt samarbeid og forståing for dei utfordringane vi har.

Beste helsing,
rådmann Atle Fasteland


Sist oppdatert: 23.08.2023
Publisert: 04.08.2020