Meteren, munnbind og sunn fornuft
Helseminister Ingvild Kjerkol oppsummerte kort at vi no går vi frå detaljerte reglar til "meteren, munnbind og sunn fornuft".
Her er lettane
- Skjenkestopp klokka 23 og krav om bordservering blir fjerna.
- Smitteisolasjon blir forkorta til fire dagar.
- Påbodet om heimekontor blir fjerna. Arbeidsgivarar blir tilrådde å sjølv vurdere kor mykje heimekontor som er riktig på.
- Ingen avgrensing for tal personar for private og offentlege samlingar.
- Det er ikkje lenger gult nivå i skular og barnehagar.
- Organiserte idretts- og fritidsaktivitetar kan vere som normalt innandørs og utandørs for alle.
- Moroparkar, leikeland, spelehallar og liknande kan opnast igjen.
- Tilråding om meteren gjeld ikkje ved undervising og kulturarrangement med faste sitjeplassar.
Dette er dei nasjonale tiltaka
Generelle råd
- Praktiser god hand- og hostehygiene
- Vaksiner deg
- Hald deg heime ved sjukdom
- Test deg for covid-19 om du har nye luftvegssymptom
Tiltak som blir vidareført
- Tilråding om ein meter avstand til andre enn husstandsmedlemer og tilsvarande nære.
- Påbod om bruk av munnbind når det ikkje er mogeleg å halde meteren.
- Krav om at bedrifter skal sikre ei smittevernmessig forsvarleg drift.
- Generelle råd om god hand- og hostehygiene, halde seg heime ved sjukdom og testing ved symptom.
Testing, smitte og isolasjon
- Isoleringstida for deg som er smitta er no fire døgn.
- Du som er smitta, kan avslutte isoleringa etter fire døgn, dersom du har vore feberfri i minst 24 timar.
- Husstandsmedlemmar og tilsvarande nære ein som er smitta har ikkje lengre plikt til å vere i smittekarantene
- Regjeringa anbefaler at du som bur saman med eller er tilsvarande nær ein som er smitta, tar ein sjølvtest kvar dag i fem dagar etter siste nærkontakt med den som er smitta.
- Viss du ikkje kan halde avstand til den som er smitta, anbefaler regjeringa at du testar deg kvar dag i isoleringsperioden og i tillegg fem dagar etter dette - til saman i ni dagar.
- Utover dette er det berre dei som har symptom som bør teste seg.
- Regjeringa anbefaler at husstandsmedlemmar og tilsvarande nære til ein som er smitta brukar munnbind innandørs på offentlege stader. Du bør unngå store samankomster og arrangement i 10 døgn etter siste nærkontakt.
- I tillegg bør du følgje med på symptom under heile testperioden. Dersom du får symptom, bør du halde deg heime og ta ein sjølvtest.
- Barn i grunnskulealder eller yngre treng berre test ved symptom. Det gjeld òg når det er smitte i husstanden.
Smittesporing
- Dersom du er smitta, bør du sjølv informere nærkontaktane dine. Kommunen kan hjelpe deg ved behov.
- Du bør registrere positiv sjølvtest hos kommunen.
- Regjeringa anbefaler at du òg registrerer positiv test i appen Smittestopp.
Trykk her for å lese heile saka på regjeringa.no.
Sist oppdatert:
02.02.2022
Publisert:
01.02.2022