Møte om hjortejakta 2024
Vaksdal kommune inviterer til møte om hjortejakta 2024.
Publisert:
23.08.2024
Sist endra:
23.08.2024
Tid og stad:
- 29 august, heradshuset på Dale, kommunestyresalen, kl. 19.00
- 3. september, kommunehuset i Modalen, kommunestyresalen, kl. 19.00
Tema:
- Status for hjorteforvaltninga: målsetjing, tildeling, avskyting, utviklingstrekk
- Grunnlag: Ny rapport om bestandsvurdering av hjort i Vaksdal og Modalen etter jakta i 2023 (Faun Naturforvalting AS).
- Hjortejakta 2024 – Kva er viktig å leggje vekt på?
- Områdevis vurdering med utgangspunkt i bestandsplanområda
- «Fri kalv»
- Tanninnsamling for aldersanalyse
- «Sett hjort», minsteareal, ettersøk, med meir
- Meiningsutveksling/diskusjon
På Dale vil vi kome inn på forvaltinga i Vaksdal-Evanger bestandsplanområde, medan situasjonen i Storfjellet bestandsplanområde vil bli teke opp i Modalen.
Vi håpar på deltaking frå flest mogleg hjortevald/jaktfelt. Alle interesserte er velkomne.
Vel møtt!