HeimNyheiterVi føl nasjonale retningslinjer frå måndag 7. desember

Vi føl nasjonale retningslinjer frå måndag 7. desember

Dette  seier ordførar Hege Eide Vik og rådmann Atle Fasteland.

Frå måndag 7. desember er det dei nasjonale retningslinjene som gjeld for innbyggjarane i Vaksdal kommune.

Trykk her for å sjå dei nasjonale retningslinjene.

Vi går i tillegg ut med to klare råd:

  • Bruk munnbind på butikkar og andre offentlege plassar der det er fare for at du ikkje kan halde ein meter avstand.                                        
  • Hald fram med heimekontor ut året, om du kan det                                                    

Fortsett det gode arbeidet

Bergen kommune og kommunane rundt har samarbeidd i 4 veker for å handtere ein vanskeleg situasjon.

– Tiltaka har verka. Folk har gjort ein god jobb og vore lojale mot reglane. Det ser vi på smittetrykket i kommunane våre, seier ordførar og rådmann i Vaksdal.

Når det no er dei nasjonale retningslinjene som gjeld i Vaksdal, oppmodar dei innbyggjarane om å vere like flinke i tida som kjem.

– Vi må ikkje seinke skuldrene og sleppe opp, men gjere meir av det vi veit verkar. Håpet er jo at vi skal unngå at smittetrykket aukar og at det blir nødvendig å innføre tilsvarande forskrift igjen, seier ordførar og rådmann.

Alle kan smitte alle

Meldinga til innbyggjarane er klar: Det er framleis viktig avgrense talet på nærkontaktar.

– Vi må hugse på at mange av dei som får koronaviruset ikkje blir oppdaga, og kan vere kven som helst av oss. Difor er det viktig at vi oppfører oss som om vi kan smitte andre – og bli smitta av andre, seier ordførar og rådmann.

Sjekk lokale smitteverntiltak om du er på reise

Fleire kommunar har strengare smitteverntiltak enn dei nasjonale retningslinjane. Hugs å sjekke kva som gjeld om du er på reise til andre kommuner.

Bruk av kommunale lokale

Vi vil komme tilbake med meir informasjon om bruk av kommunale lokale onsdag 9. desember.


Sist oppdatert: 04.12.2020
Publisert: 04.12.2020